tirsdag 24. juli 2007

Oppsummering av veka i Sudan

Eg lova å kome tilbake med ei oppdatering om kva vi gjorde medan vi var i Sudan og her kjem den.
Innreisa vår til Sudan blei utsett pga sjukdom og vi fekk ikkje flydd inn før 9. juli. Vi vurderte å avlyse seminar i Yei og satse alt på Morobo, men ettersom invitasjonane alleride var sendt ut måtte vi ha seminar begge stader. Dagen vi ankom Yei, 9. juli, hadde Onesimus og Edison praktisk dag med seminardeltakarane. Onesimus var volleyballtrenar og Edison hadde ansvaret for fotball. Edison er frå Uganda og er på utveksling til Sudan frå Fredskorpset og hjelper Onesimus med CHRISC-arbeidet.
Den 10. var det vår tur til å overta. Etter litt song, andakt og bøn sette vi i gang med teambuilding. Dette er det første gong vi prøver i Sudan, og eg trur opplegget falt i smak hos deltakarane. Desse aktivitetane er fine som "ice-breaker" og dei kan også brukast for å lære noko om samarbeid, kommunikasjon, leiarskap osv. For oss er det ein bra måte å oppdage potensielle leiarar. Kven tek initiativ? Involverer dei alle?
Midt på dagen hadde vi eit par timar med førstehjelp der deltakarane fekk prøvd seg på støttebandasje og sårbehandling hos Per og Elisabeth, og dei blei kursa i hjerte- og lungeredning og HIV/AIDS hos henhaldsvis Ingrid og Hans Jakob. Dagen blei avslutta med turneringsplanlegging.
Den 11. drog Per og Ingrid til Morobo medan Hans Jakob og Elisabeth blei igjen i Yei for å besøke lokallag og hjelpe til under turneringa. I Morobo starta vi CHRISC i fjor og første kvelden vi var der deltok vi på ei fotballtrening. Kjekt å sjå at det var aktivitet der no eit år etter første besøk.
Seminara i Morobo gjekk bra. På programmet hadde vi førstehjelp, leiarskap, styre og styreval og turneringsplanlegging. Turneringa i Morobo hadde vi laurdag 14. juli. Fire lag frå forskjellige kyrkjer deltok og vinnaren blei kåra etter vanleg ligasystem. Då vi skulle heim hadde vi problem med å finne transport, men til slutt fekk vi haik med ein semitrailer frå Uganda. Fort gjekk det ikkje, men vi kom oss trygt tilbake til Yei etter tre timar med risting i traileren.
På søndagen gjekk vi i kyrkja og var med på CHRISC trening om kvelden.
Måndagen besøkte vi Onesimus og vi snakka også ein del om framtidsplanane for CHRISC og hans besøk til Norge.
Sjølv om besøket til Sudan blei noko kortare og annleis enn planlagt fekk vi likevel gjort det vi ville i Morobo. I Yei er CHRISC vel etablert og behovet for seminar er ikkje så stort. Vi fekk sett korleis CHRISC fungerer i Yei slik at vi kan lære av Yei når vi legg opp strategi for nystarting andre stader i Sudan. Førebels er det vanskeleg å avgjera kvar neste stad vi skal starte blir. Sør-Sudan er plaga med stor inflasjon og prisveksten gjer at mange byar er veldig dyre å driva arbeid i.
Vi i teamet kjem sterkt tilbake til hausten med ein Afrikakveld der vi fortel meir om utreisa, korleis det går med arbeidet, om folk vi har møtt og mykje meir. Minner også om besøk av Onesimus frå Sudan frå 20.-25. august. Ha ein forsatt god sommar så snakkast vi på Arena eller i Trondheim!!!
Teamet

4 kommentarer:

Oddrun sa...

Kjempekjekt å lese, var på bristepunktet av nysgjerrighet nå når oppdateringa kom;-)

Hørtes ut som travle og gode dager, var Morobo like sjamerende som i fjor?

Og takk for kort fra EA :D

Anonym sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Anonym sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Anonym sa...

Veldig bra, hva med en link til sud08?