fredag 25. april 2008

Nytt team og ny blog

Det nye teamets blog er naturligvis: sud08.blogspot.com

tirsdag 24. juli 2007

Oppsummering av veka i Sudan

Eg lova å kome tilbake med ei oppdatering om kva vi gjorde medan vi var i Sudan og her kjem den.
Innreisa vår til Sudan blei utsett pga sjukdom og vi fekk ikkje flydd inn før 9. juli. Vi vurderte å avlyse seminar i Yei og satse alt på Morobo, men ettersom invitasjonane alleride var sendt ut måtte vi ha seminar begge stader. Dagen vi ankom Yei, 9. juli, hadde Onesimus og Edison praktisk dag med seminardeltakarane. Onesimus var volleyballtrenar og Edison hadde ansvaret for fotball. Edison er frå Uganda og er på utveksling til Sudan frå Fredskorpset og hjelper Onesimus med CHRISC-arbeidet.
Den 10. var det vår tur til å overta. Etter litt song, andakt og bøn sette vi i gang med teambuilding. Dette er det første gong vi prøver i Sudan, og eg trur opplegget falt i smak hos deltakarane. Desse aktivitetane er fine som "ice-breaker" og dei kan også brukast for å lære noko om samarbeid, kommunikasjon, leiarskap osv. For oss er det ein bra måte å oppdage potensielle leiarar. Kven tek initiativ? Involverer dei alle?
Midt på dagen hadde vi eit par timar med førstehjelp der deltakarane fekk prøvd seg på støttebandasje og sårbehandling hos Per og Elisabeth, og dei blei kursa i hjerte- og lungeredning og HIV/AIDS hos henhaldsvis Ingrid og Hans Jakob. Dagen blei avslutta med turneringsplanlegging.
Den 11. drog Per og Ingrid til Morobo medan Hans Jakob og Elisabeth blei igjen i Yei for å besøke lokallag og hjelpe til under turneringa. I Morobo starta vi CHRISC i fjor og første kvelden vi var der deltok vi på ei fotballtrening. Kjekt å sjå at det var aktivitet der no eit år etter første besøk.
Seminara i Morobo gjekk bra. På programmet hadde vi førstehjelp, leiarskap, styre og styreval og turneringsplanlegging. Turneringa i Morobo hadde vi laurdag 14. juli. Fire lag frå forskjellige kyrkjer deltok og vinnaren blei kåra etter vanleg ligasystem. Då vi skulle heim hadde vi problem med å finne transport, men til slutt fekk vi haik med ein semitrailer frå Uganda. Fort gjekk det ikkje, men vi kom oss trygt tilbake til Yei etter tre timar med risting i traileren.
På søndagen gjekk vi i kyrkja og var med på CHRISC trening om kvelden.
Måndagen besøkte vi Onesimus og vi snakka også ein del om framtidsplanane for CHRISC og hans besøk til Norge.
Sjølv om besøket til Sudan blei noko kortare og annleis enn planlagt fekk vi likevel gjort det vi ville i Morobo. I Yei er CHRISC vel etablert og behovet for seminar er ikkje så stort. Vi fekk sett korleis CHRISC fungerer i Yei slik at vi kan lære av Yei når vi legg opp strategi for nystarting andre stader i Sudan. Førebels er det vanskeleg å avgjera kvar neste stad vi skal starte blir. Sør-Sudan er plaga med stor inflasjon og prisveksten gjer at mange byar er veldig dyre å driva arbeid i.
Vi i teamet kjem sterkt tilbake til hausten med ein Afrikakveld der vi fortel meir om utreisa, korleis det går med arbeidet, om folk vi har møtt og mykje meir. Minner også om besøk av Onesimus frå Sudan frå 20.-25. august. Ha ein forsatt god sommar så snakkast vi på Arena eller i Trondheim!!!
Teamet

torsdag 19. juli 2007

Heime

No er vi heime att. Kan vel berre snakke for meg, men må seie at det kjennes godt! Norsk mat, norsk språk og norsk vær. (Ikkje alt er like positivt, det regnar her..)
Framover vert det for meg ferie og jobbing, før Arena. Håper å treffe kjentfolk som har følgt bloggen der! :)

tirsdag 17. juli 2007

Kampala (Entebbe)

No er vi ferdige i Sudan, og sit paa flyplassen i Uganda og ventar paa flyet vaart. Skulle eigentleg reist kl 2230 men flyet er ca 4 timar forsinka.
Ikkje alt har gaatt etter planen i Sudan, men vil likevel seie at vi har faatt gjort det vi var der for aa gjere. Vi har ogsaa faatt gjort mange nyttige observasjonar som er nyttige for korleis vi planlegg framover. Vi skal prove aa legge ut litt meir oppdateringar her naar vi kjem heim og faar sett ord paa alt vi har sett!
Vi gler oss til aa kome heim, men kjem ogsaa til aa sakne alle dei flotte folka vi har mott her!

lørdag 7. juli 2007

Kampala 3

Dette vert siste oppdatering for me stikk nasane nordover, til Yei i Sudan. Er ikkje sikre paa korleis hova vert til aa komme seg paa verdsveven der, saa me kan ikkje garantere hyppige oppdateringar fraa no av. Humoret i teamet er finfint trass i stadige program-forandringar. I dag hev teamets tre yngste medlemmar vore ein tur paa marknaden i Kampala. Ingrid hev gjort dagens storste kjop, i form av ei tromme i kemboutgaave. Den kan syne seg aa verte ei utfording for baade flyselskap og framtidige naboar.
Hels alle kjende og nyt sola. Her regnar det.

torsdag 5. juli 2007

Kampala2

Hei!

I gaar skulle vi eiegentleg reise inn til Sudan, men sidan Per og Hans Jakob var skikkelig daarlege, mest truleg matforgiftning, bestemte vi oss for aa utsette det til laurdag. Det viste seg at flyet var fullt paa laurdag, og vi faar difor ikkje reist inn for enn paa mandag.

Opplegget i Yei med seminara i avansert leiarskap og avansert volleyball vert avlyst, paa grunn av for faa dagar. I staden for vert det to seminardagar, ein der Onesimus (leiar i Sudan) og Edison (paa utveksling i Yei fraa Kampala) skal ha trening forste dagen, og vi i teamet den andre dagen.

Hovuddelen vert i Morobo (der teamet var i fjor), der skal vi ha to seminardagar og ein turneringsdag. Det skal ogsaa arrangerast turnering i Yei, men den skal dei ta seg av sjolve.

Vi er no ganske lei av at programmet endrar seg, og det er slettes ikkje sikkert at dette vert det endelege programmet heller. Det er ikkje saa lett aa faa alt til aa klaffe naar det sviktar i vaar helse, og naar kommunikasjonen til Sudan ikkje er den lettaste.

Dagane i Kampala vert brukt til aa ordne praktiske ting, og ogsaa mykje kortspeling! Helsa er betre, men magane til Per, Hans Jakob og meg gaar stadig sine egne vegar. Ingrid har turens beste mage, og har enno ikkje vore sjuk!

Be om at programmet maa gaa i orden, for betre magar og god stemning i teamet!

mandag 2. juli 2007

Kampala, Uganda

Etter mykje om og men.. venting og lang busstid er vi endeleg i Kampala. Vi skal vere her i 3 dagar for aa ordne visum og utstyr til Sudan. Paa grunn av endringar av program i Sudan har vi bestemt oss for aa dra heim litt tidlegare. Vi kjem heim den 18. juli i staden for 23. Tryggleiken i Sudan var ikkje god nok til at vi kunne dra til Maridi. I staden gaar turen til Morobo der vi var i fjor.
Vi har det veldig bra. Det har vore litt sjukdom i teamet, men det gaar betre no. Vi gler oss til aa kome i gang i Sudan.
Helsing teamet