torsdag 24. mai 2007

Første innlegg vert på ein lite gjennomarbeidd blogg. Vi freistar og få arbeidd litt med denne, slik at det vert ei visuelt god oppleving for deg som lesar!

Ja, som nemnd på sumaravslutninga freistar globalgruppa å få tak i fotballsko til eit ungt fotballag ifrå Yei i Sudan. Me hev fått eit tilbod ifrå ei sportsforretning i Sykkylven om å kjøpe fotballsko for ein stad mellom 25 og 100 kr paret!

Kunne du tenkje deg å gjere noko konkret for nokon i ein vanskelig situasjon? Kunne du tenkje deg å sponse ein (eit par) afrikansk(e) krabat(ar) med fotballsko? Her veit du i alle høve at 100 % av det du gjev når fram til dei som treng det.

Skoa vil vere i CHRISC-Sudan sitt eige, slik at fleire vil få høve til å bruke dei.

Dersom dette er ein måte du kunne tenkje deg å bidra på, kan du setje inn pengar på fylgjande kontonummer: 4202 06 13755. Merk gåva ”fotballsko”

På førehand tusen takk! Og hugs at dette berre er ein måte å bidra på. Forbøn for utreisa og arbeidet der nede vert motteke med stor takksemd!

Følg med utreisa på verdsveven: http://www.sud07.blogspot.com/

Ha ein god sumar!

Helsing
SUD07-teamet

1 kommentar:

Anonym sa...

konge. Eg glede meg